Lenge sidan eg har skrive her!
Mykje har skjedd sidan sist.
Meg og Vincent har nettopp blitt ferdig med ein dokumentar om ein work-camp, som skal brukast til promotering. Og dette har vore ei veldig god erfaring. Viss eg hadde lov, so skulle eg ha lagt den ut her:) Eg jobber for tida med siste avisutgåva vår og sluttrapporten om prosjektet mitt... Hadde også nettopp firmafest, der sjefen bl.a. opptrådte med "familie-bandet" sitt.
Det er faktisk berre knappe 2 uker igjen og er har so smått begynt å pakke...Har utrulig mykje skrap å ta med meg; kanskje eg burde ha loppemarked?
Eg prøver å utnytte den siste tida for fullt. I morgon skal eg til Serbia
med ei vennine og eg håper det blir bra! (Og at det er trygt)
Ellers må eg seie meg veldig fornøgd med opphaldet her i Slovenia; eg har opplevd so mykje som ein vanligvis ikkje har mulighet til. Eg har reist mykje, møtt fantastiske mennesker og ikkje minst: utvikla meg som person.
Det einaste som er litt trist, er å forlate alle dei har blitt kjent med,
men eg trur at vi møtast igjen ein dag:) (og viss ikkje so har ein alltid facebook?) ;)
Neste år blir også begivenhetsrikt!! Eg skal nemlig til Australia for å studere grafisk design.
Kan ikkje beskrive kor spent eg er!!! Gleda meg til behagelige temperaturar og til å endelig begynne å studere. Universitetet er i Sydney og studiet varer i 4-år, og so får vi sjå kva som skjer vidare;)
Bilde frå Lys Festival i Ljubljana. Meir her
