Ljubljana, Lubiana, Laibach, Emona...
Kjært barn har mange navn! Ein historie seier at navnet Ljubljana kjem av "Luba" som betyr "kjærlighet" eller "elsket" på slovensk, men egentlig veit ein ikkje kor det kjem i frå. Uansett så syns eg at "elsket" passer veldig godt som navn på denne byen!
Mange har spurt meg kvifor eg dro til akkurat Slovenia og Ljubljana og eg skal prøve å gje eit godt bilde av denne byen og landet, og kva som tiltrakk meg i dette innlegget!
Slovenia er eit forholdsvis lite land (På størrelse med Sogn&Fj) med ca. 2 millionar innbyggjarar. Ein har fastlandsklima, middelhavsklima og alpint klima i dette landet! Det er det rikaste og best utvikla landet av eks-Jugoslavia landa.
Landet har mykje å by på, spesielt når det gjeld natur! Ein kan sjå dei julianske alpane i nord, dei sjarmerande kystbyane Piran og Koper i vest, dype skoger og klostre i sør og endelause jorder og vinmarker i aust. Dette landet har alt av naturopplevelsar!
Det einaste som ikkje har imponert meg særlig er maten.. Slovenerane har henta mattradisjonar frå både Austerrike, Italia og Ungarn. Det som går igjen her i matvegen er strudel (wienerbrød), pølse, sauerkraut(surkål), ravioli, gnocchi, risotto og gulasj. Det einaste typiske slovensk er to kaker kalla for Gibanica og Potica- dei er gaaaanske gode!
Folket er også spennande og hyggelige som oftast, men det spørs kva slags distrikt du drar til. Det du må vere forberedt på er at slovenarar kan vere ganske sarkastiske! Dei meinar som regel ikkje noke med det, men det er derimot deira værmåte. Eg fekk blant anna høyre av ein kollega når eg kom hit, at eg som kjem frå Norge burde vel ha råd til alt mulig! (Jada, berre det å vere nordmann betyr at du har feit bankkonto;)) Dette var litt irriterande ettersom eg berre får 200 euro(2000nok) i månaden til mat og div. Det er vanskelig å beskrive ein typisk slovener...men eg vil seie at dei er utadvendte, høglytte, høflige, hjelpsomme, men også noko for seg sjølv! Dei kan vere veldig nysgjerrige på utlendingar, men når det kjeme til stykket so held dei avstand. Slovenarar er redde for heimane sine og det er som regel vanlig å invitere noken ut, enn inn på besøk. Men ingen regel utan unntak:)
Alt i alt, so trivst eg godt her. Eg har fått meg noken slovenske vennar, men mesteparten av vennane mine er andre EVS voluntørar!:D Vi er blitt ein samansveisa gjeng og drar som regel på fest,turar her og der og anna sprell! So eg dro til Slovenia for å få internasjonale vennar, hehe...
So litt om Ljubljana...
Det bur ca. 300 000 i Ljubljana. Byen ligg midt i landet og er omringa av alpelandskap! Det er eit ganske so romantisk prospekt! Gamlebyen med hovedtorget Presernov Trg er samlingspunktet og absolutt den finaste delen av Lj. Hovedgata Slovenska er ikkje akkurat stor i sammenlikning med andre h.stader, men ein finn dei fleste kjente butikkane:) Borga i gamlebyen er også verdt å besøke.
Byen er full av studenter og sett sitt preg på utelivet. Mange Erasmus-studenter kjem hit, så ein møter alltid interessante personer.
Her er ikkje so alt for mange barar og utested, men ein finn alt frå Pen-barar, diskotek, alternative sted osv. Eg henger mest i "favoritt-baren" min Orto Bar og Metelkova. Metelkova er det største, beste og også litt alternative området.
Her er mange gode restaurantar, men prisen varierer veldig. Du kan f.eks. ete ein heste-burger i Trubarjeva, falafel på gatehjørnet eller ta inn på dei finare restaurantane ved elva Ljubljanica.
Kort sagt Ljubljana har alt for ein kvar smak;) Det er vanskelig å beskrive denne byen, den må kort sagt opplevast!
No har eg skrive ein del, so eg tenkte at bildene kunne snakke for seg sjølv...
Etter på er eg sikker på at du vil tenke:
I feel sLOVEnia!
Them' Pics