Fy søren for eit dritt ver i det siste...vi hadde sol og 22 grader i begynnelsen av april, men no har det regna nesten kvar dag...
Denne veka har eg på sett og viss ferie! 27. april er frigjeringsdag og 1.mai er so sjølvsagt ein fridag, so sjefen min har reist vekk denne veka! Og då tek eg meg litt fri!
Eg og ein annan norsk voluntør hadde planar om å dra til Kroatia eller Italia, men slo det i frå oss, for vi var litt late:)
So i dag hadde vi språk-kurs og eg må seie at det går mykje betre! "Rada bi en pivo, prozim!"(eg vil gjerne ha ein øl, takk!) Og neste gong er det min tur til å forberede språk-kurset! Jippi...
Etter det sykla eg og ei anna til BTC, som er det største shoppingområdet her!! Og eg tullar ikkje: stedet er som ein eigen by!Nesten større ein Ljubljana, hehe...
Der finn du alt du noken gong vil trenge og det du ikkje trudde du trengde! Men viktigast av alt: dei har H&M!;)
Der finn du alt du noken gong vil trenge og det du ikkje trudde du trengde! Men viktigast av alt: dei har H&M!;)
(Bilder via google)
Vi gjorde jo det sjakktrekket å sykle til BTC, som er ca. 15 min frå sentrum...og når vi skulle tilbake så øsregna det!!!Men ein er ikkje norsk for ingenting;)
Når vi var tilbake i sentrum sååå stakk vi innom ei piercing-sjappe og eg tok ein piercing i navlen! Det høres litt impulsivt ut, men eg hadde faktisk tenkt på dette ei stund.
No lyt eg ligge i ro ei stund og vere forsiktig med det meste + null bading på ei stund...
Men det var verdt smerten:)
No lyt eg ligge i ro ei stund og vere forsiktig med det meste + null bading på ei stund...
Men det var verdt smerten:)
Eg har ikkje vore so god med å oppdatere her, men får unnskylde meg med at det har blitt mykje *kremt* drikking i det siste...(Bilder kjem)
I helga var det Anti-Fascisme demonstrasjon i byen, men det var ikkje mykje liv i det toget gitt...

Ellers so kjem Royksopp 14. juni til Ljubljana, so tenkte å bestille billett!
Og på 17.mai kjem sjølvaste Kjell-Magne Bondevik(!) Kanskje eg endelig kan få oppfylt draumen min om å ta han i handa, hah...
Så dette er siste nytt i frå Ljubljana:)




Sånn plutseli fikk du piercing i navlen! Hehe:)
ReplyDeleteJa, du får helse Bondevik frå meg!
Likte svært godt fyste bilde, skulle spør om du hadde brukt photoshop mykje, men so ser eg en link nedunder.. :)
Kjekt å sjå oppdatering! :) Og bra du kan å spør etter øl på Slovensk?