Monday, March 30, 2009

Aftermath Of The Burek's Tour

Det har blitt ei stund sidan eg oppdaterte, så på tide at eg skreiv noke...
Er som sagt vel tilbake etter turen til Makedonia! Det var noken harde dagar, med mykje køyring, litt drikking og litt sightseeing:)


Reiseruta forandra seg litt og var følgjande: Kroatia, Bosnia, Serbia, Kosovo og Makedonia.
Vi brukte 2 dagar ca. på å komme oss til Makedonia og vi budde hos ein annan EVS voluntør i Bitola.
Makedonia har ingen fine byar, hovudstaden f.eks var ein skuffelse, men naturen er ikkje so verst. Folka er veldig hyggelige og gjestfrie, til tross for fattigdom...

Medan vi var i Makedonia fekk Milosz (turen's pådriver) ideen om å ta ein svipptur innom Albania og Hellas! Vi besøkte ein veldig fin innsjø kalla Ohrid i Makedonia og på andre sida av innsjøen låg Albania. Så kvifor ikkje få passet stempla, når ein er so nær?




Vi køyrte til grensa, parkerte bilen og spaserte like greit inn i Albania! Det var ikkje so mykje å sjå der anna enn bunkersa, søppel og mistenkelige fyrar i gamle mercedesar:)


Vel tilbake i Makedonia, så fekk Milosz enda ein idé: Kva med å ete middag i Hellas? Det er jo berre 30 min til grensa! 30 minutter seinare var vi i Florina i Hellas, på ein gresk restaurant!




Vi køyrte tilbake og tilbrakte siste dagen i Skopje og køyrte om natta tilbake til Ljubljana.
6.30 om morgonen var eg heime og kl. 8.00 stod eg opp for å dra på EVS seminar i ei veke!!

Turen var absolutt verdt det, eg fekk jo sjå kor absurd Balkan-kulturen kan vere;)



Bilen vår! Opel Corsa.


Atomkraftverk i Tuzla, Bosnia. (Og sikkert hovedattraksjonen)


Kloster i Serbia.

Piggtrådgjerde i Prishtina, Kosovo.

No comments:

Post a Comment