
På torsdag reiser eg og ein gjeng på fem på ein 4-dagers tur til Makedonia!
Tittelen er litt vel intern, men for å begynne so er Burek altså eit typisk bakverk her i
Balkan-landa.
Den beste beskrivelsen er: Wienerbrød møter pizza, epler eller cottage cheese:D
Det er ein slags junk-food her i Slovenia, men det smakar ikkje so aller verst! Ein finn det på omtrent alle gatehjørna og som ein seier her: "Har du lite peng, so har du likevel alltids råd til ein Burek!" Originalt kjem Burek i frå Bosnia, og eg fer innom Bosnia på turen; så derfor "All The Bureks Route!"
Image via: Wikimedia.orgDenne turen er som sagt berre for gøy og hovudmålet med turen er å komme til Makedonia.
Kva vi skal der, veit vi eigentlig ikkje heilt...for det er ikkje so mykje å sjå der ehm, men til Makedonia skal vi iallfall! (I følge han fyren som foreslo turen) "Der er nokre fine kloster!"
Reiseruta er: Ljubljana, Kroatia, Bosnia, Montenegro, Serbia, Kosovo og til slutt Makedonia på lørdag; so det blir mykje køyring!
Eg har alltid hatt lyst til å sjå desse "Balkan-landa" derimot, so eg trur at det blir ein opplevelse! Og eg trur ikkje at det kan vere so risikabelt å dra igjennom Bosnia, Serbia og Kosovo som dei skal ha det til;)
Det einaste som kan skje er at vi blir robba, mistar bilen og ikkje kjem oss ut av Kosovo(!)
Men Time will tell!
PS.Viss dokke ikkje høyre noke i frå meg innan neste fredag, so ver så snill å etterlyse meg og kanskje sende eit redningsteam;)

Vakre Skopje i Makedonia! Image via: grainmedia.com

No comments:
Post a Comment